Svein Møgedal fra Suldal

Det er kjempekjekt å drive med frivillig arbeid. Og det hadde vore kjekt å treffe endå fleire frivillige!

Dato: 19.04.22      Sted: Suldal i Rogaland                                       Organisasjon: Idrettslaget Sand, og Suldal Jakt- og fiskelag


Kven er du? Namn og Alder? 

Eg heiter Svein Møgedal.

Og så er eg ... prøver å seie 25 ... men er tippa 48 nå.

Eg bur oppe i Sandsbygda.

Kva driv du med som frivillig?

Dei siste åra nå så er det mykje Jakt og fiske-laget. Idrettslaget. Privat, som frivillig.

Kvifor er det viktig for deg å bidra som frivillig? 

Me som bur i bygda har alltid følt at viss nokon treng hjelp, så prøver me å hjelpe kvarandre. Det blir litt på det viset, også. Og det er jo kjekt! Men akkurat nå, så er det det eg driv mest med, organisert.

Me er omlag 2000 her på Sand. Ikkje alltid det viser så godt igjen i frivillig arbeid. Men det er mykje me driv på med her! Me har enormt med tilbod. Det er ikkje alltid lett å slost om dei same aktive folka. Og me treff igjen mange av dei same folka.

Det er kjekt, det. Men det hadde vore kjekt å treffe endå fleire frivillige og! Og det er kjempekjekt å drive med frivillig arbeid.

Berre på Sand har me fotball, friiidrett, volleyball ... Utruleg mykje berre på idrett. Det krevst mykje folk til å drive dette. Ikkje berre til trening, men og til cup-ar. Skal dei reise, skal dei bygge ut. Det krev både folk, innsats, kaker ...

Kva tenkjer du at du sjølv får igjen som frivillig?

Eg synest det er kjempekjekt, eg! Eg er jo ein lovleg sosial person.

Kanskje litt mykje, synest nokon (ler). Det er heilt topp, det er sosialt, du treff mykje folk. Stort sett er ungane mine med på mykje av dette. Eg føler eg er med og bidreg til at dei får vere med på aktivitetar. Utanom det:Korleis skal du drive ting utan at folk er med? Du kan jo ikkje få betalt for absolutt alt på ein liten plass som me har.

Eg trur at viss folk hadde stilt ennå meir opp og sett kor kjekt det var, så trur eg gjerne det hadde vore lettare. Eg synest absolutt det er heilt topp.

 Er det lov å spørje om du blir lei?

Av og til (ler). Nei. Jo. Kanskje av og til. I det mest hektiske periodane, så jo da. Klart det kan bli litt mykje. Men ... kva skal ein finne på då? Kan ikkje sitja i stova og prata med kjerringa heile kveldane heller (ler). Neida, eg synest ikkje ... Det er vanskeleg å bli lei, eg synest det er kjekt. Rett og slett. Og så får du vere med på ting du ikkje hadde vore med på likevel.

Flere dokumenter

Kontakt

Norges Frivilligsentraler
Markensgaten 35 (2. etasje)
4612 Kristiansand

2024 © Norges Frivilligsentraler